Mediebruket

Mediebruket Tenk om nettsidene dine greidde seg på eiga hand… Vi kan både lage og drive nettstaden din. Det er VI knallgode til. Vi tek oppdrag over heile landet.

Så kan du bruke tida på det DU er knallgod til. MEDIEBRUKET er eit digitalbyrå som utviklar og driftar alt frå dei enklaste nettstadar til avanserte skreddarsydde digitale verktøy. I tillegg driv vi rådgjeving og tilbyr konsulenttenester innanfor dette fagfeltet. Hovudkontoret ligg i PEAK Sunnfjord i Førde i Sunnfjord, saman med andre teknobedrifter, og vi har avdelingskontor på Sandane, Voss og i Lærdal.

2026 har starta sterkt for Mediebruket Vi kan sjå tilbake på ei solid rekkje nye kontrakter – både store og små – og vi ...
09/03/2026

2026 har starta sterkt for Mediebruket Vi kan sjå tilbake på ei solid rekkje nye kontrakter – både store og små – og vi har teke kunstig intelligens aktivt i bruk for å levere endå betre tenester til kundane våre.

Men det aller beste nyhendet: Vanja Birkelid er tilbake! 🎉

Vanja kjem heim til Mediebruket som digitaldesigner etter tre år hjå Visit Fjordkysten, der ho har bygd verdifull erfaring som vi gler oss stort til å dra nytte av. Og ho er ikkje ny i huset – før det jobba ho over tre år hjå oss som webdesigner og digitalrådgjevar.

Velkomen attende, Vanja! 👏

God jul til alle våre vener! I Mediebruket ser vi med glede attende på eit innhaldsrikt år med mange spennande oppgåver ...
18/12/2025

God jul til alle våre vener! I Mediebruket ser vi med glede attende på eit innhaldsrikt år med mange spennande oppgåver for kundane våre. Vi går inn i 2026 med ei rekkje bestillingar på utvikling og drift av store og små nettstadar, og vår nisje: Digitale verktøy for behandling av søknader. I staden for julebord tok vi ein betre lunsj hos vår kunde Pikant, saman med Lotta og Maria frå vår gode samarbeidspartner A til Å Grafisk Design og Media. Det vi sparte på å droppe julebord sender vi som ei pengegåve til Leger Uten Grenser.

Takk for oppdraget og godt samarbeid om ei viktig nettside. 🙌
11/11/2025

Takk for oppdraget og godt samarbeid om ei viktig nettside. 🙌

Ta del i regionen Sunnfjord! Vurderer du å flytte til regionen Sunnfjord? Vi har gjort det enklare for deg. Her finn du det du treng for å bli kjend med korleis det er å bu, jobbe og leve her. Med regionen Sunnfjord meiner vi Askvoll, Fjaler, Sunnfjord kommune og sørlege del av Kinn og Bremanger...

NETTSIDE-SNIKKAR: - Det gler oss stort å vera attende i heimbygda Voss, med ei avdeling av Mediebruket, seier gründer og...
05/09/2025

NETTSIDE-SNIKKAR: - Det gler oss stort å vera attende i heimbygda Voss, med ei avdeling av Mediebruket, seier gründer og dagleg leiar Arild Finne Nybø. Mangeårig medarbeidar G**o Bryn Høgheim sit klar der for å hjelpa med digitale tenester, og då særleg med det som har med nettsider å gjera. Ta kontakt på [email protected] eller telefon 57 82 19 00.

Mediebruket, som er ekspertar på design, utvikling og drift av nettstadar, er etablert på Voss for å koma nærare kundar og eit lokalt næringsliv i vekst. Det er mangeårig medarbeidar i Mediebruket, G**o Bryn Høgheim, som leiar vossaavdelinga.

Tilgjengekrav frå EU er på veg inn i norsk lov. Her får du oversikt over kva det kan bety for nettsida di – og kvifor de...
04/09/2025

Tilgjengekrav frå EU er på veg inn i norsk lov. Her får du oversikt over kva det kan bety for nettsida di – og kvifor det løner seg å vere tidleg ute.

Tilgjengekrav frå EU er på veg inn i norsk lov. Få oversikt over kva det kan bety for nettsida di – og kvifor det løner seg å vere tidleg ute.

Lei av cookie-banner? Me har samla 5 gode grunnar til å velje Matomo – eit personvernvenleg alternativ til Google Analyt...
14/05/2025

Lei av cookie-banner? Me har samla 5 gode grunnar til å velje Matomo – eit personvernvenleg alternativ til Google Analytics, utan behov for banner og med full kontroll på eigne data.

Matomo er eit gratis og personvernvenleg alternativ til Google Analytics, som gjer at du ikkje treng cookie-banner på heimesida di.

Nila Fiednieva og Inger Johanne Kaardal er dei nyaste tilskota i staben i Mediebruket, som dermed tel åtte tilsette. Beg...
21/03/2025

Nila Fiednieva og Inger Johanne Kaardal er dei nyaste tilskota i staben i Mediebruket, som dermed tel åtte tilsette. Begge arbeider med webdesign, rådgjeving og prosjektleiing for nye og gamle kundar

Nila Fiednieva og Inger Johanne Kaardal er dei nyaste tilskota i staben i Mediebruket, som dermed tel åtte tilsette. Begge arbeider med webdesign, rådgjeving og prosjektleiing for nye og gamle kundar i byrået.

Engasjerer du deg for å skape gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kun...
09/12/2024

Engasjerer du deg for å skape gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kunderådgjeving? Då vil vi gjerne bli kjende med deg.
Vi utvidar teamet vårt og søkjer erfarne digitalrådgjevarar som kan hjelpe kundane våre med å styrke tilværet sitt på nett.

Engasjerer du deg for å lage gode brukeropplevelser? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kunderådgivning? Da vil vi gjerne bli kjent med deg.

Gratulerer til SALT Arkitekter med ny nettside! 🥳 Inspirert av havet og det røffe vestlandsvêret har vi i Mediebruket de...
29/11/2024

Gratulerer til SALT Arkitekter med ny nettside! 🥳 Inspirert av havet og det røffe vestlandsvêret har vi i Mediebruket designa ei nettside som inviterer brukaren inn i SALT sitt univers, med store bilete som framhevar detaljane i deira unike arkitektoniske uttrykk.

Takk for godt samarbeid undervegs i prosessen 🤝

Sjekk ut: https://www.saltarkitekter.no/

Adresse

Førde

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4757821900

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mediebruket legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mediebruket:

Del