Vookal

Vookal Kommunikasjonsbyrå i Førde og Florø. Vi skal vere best på kommunikasjon!

Vi heiar på lokale aktørar og synes det er ekstra stas når dei blir lagt merke til nasjonalt! Dyktige Cecilie & co på Ha...
09/02/2026

Vi heiar på lokale aktørar og synes det er ekstra stas når dei blir lagt merke til nasjonalt! Dyktige Cecilie & co på Harmonia - gaver, klær og interiør🏆

Så innmari gøy og stas å bli nominert til HER Awards 2026 – Årets Lokale Bedrift 💞🥰

Å bli nominert nasjonalt for arbeidet vi gjør lokalt er virkelig stas! I ei tid med store endringer, høgre kostnader og et meir forsiktig marked velger vi fremdeles å satse langsiktig og lokalt 🙏

Nominasjonen er utvilsomt en anerkjenning av hardt arbeid og trua på at lokale arbeidsplassar og møteplassar faktisk betyr noke. Eg er stolt av teamet mitt og veldig motivert for veien videre 🤍 Takk for tilliten!

-

Oppdatering;

Som om det ikkje var stort nok for oss å bli nominert så er vi nå i SEMIFINALE i HER Awards ✨ 1 av 20 lokale bedrifter i Norge. Lille Harmonia, i Florø.

Her kan det stemmes på oss som «årets lokale bedrift»:

https://www.herprogrammet.no/stem

Tusen takk ❤️❤️❤️

Global Aqua, den nye internasjonale hovudarenaen for akvakultur, er lansert 🥳 Vi i Vookal har levert landingsside som un...
16/01/2026

Global Aqua, den nye internasjonale hovudarenaen for akvakultur, er lansert 🥳 Vi i Vookal har levert landingsside som underleverandør for NPG og gler oss til vidare samarbeid med utvikling av nettsida, fra distriktskontoret vårt i Oslo 🤝

🐟 Global Aqua
👉 7.–9. september 2027
📍 Nova Spektrum, Oslo

Lesbar, ryddig og relevant: Slik har vi utforma Bravo Seafood sin digitale berekraftsrapport på 38 sider. I tillegg har ...
27/10/2025

Lesbar, ryddig og relevant: Slik har vi utforma Bravo Seafood sin digitale berekraftsrapport på 38 sider. I tillegg har vi designa og levert ny rollup for stands i inn- og utland. Takk for tilliten og samarbeidet! 🐟⁣⁣🤝
⁣⁣
📸 av stand: Bravo Seafood
⁣⁣

13/09/2025
Ny visuell identitet for Seniornett  – trygg, tydeleg og inkluderande 💻✨Korleis gjer ein teknologi forståeleg, trygg og ...
14/08/2025

Ny visuell identitet for Seniornett – trygg, tydeleg og inkluderande 💻✨

Korleis gjer ein teknologi forståeleg, trygg og inkluderande for seniorar? Nettopp dette spørsmålet har vore kjernen i arbeidet vårt med den nye visuelle identiteten til Seniornett.

Den gamle profilen var moden for fornying. No har Seniornett fått eit moderne, varmt og inkluderande uttrykk – heilt i tråd med visjonen: «Saman for digital meistring».

Målet var klart: å skape tryggleik, meistring og glede i møte med teknologi. Resultatet er ein visuell identitet som speglar Seniornett sine verdiar: nærleik, tryggleik og glede.

Gal & genial?Vi har laga kunstkatalog for Sogn kunstsenter si utstilling "Gal & genial?" av Hans Gjesme frå Lærdal. I he...
28/07/2025

Gal & genial?

Vi har laga kunstkatalog for Sogn kunstsenter si utstilling "Gal & genial?" av Hans Gjesme frå Lærdal. I heile 16 år var Gjesme innlagt på Gaustad sjukehus.

Katalogen inneheld blant anna ein artikkel av seniorrådgjevar Ingrid Norum der ho skriv om korleis den psykiske sjukdommen hans påverka kunstnarskapet og om kva verka frå perioden fortel om det å vere psykisk sjuk.

"Gal & genial?" gjev eit viktig innblikk i norsk kunsthistorie, og er eit møte mellom kunst, menneske og psykisk helse 📖

Vi takkar for tilliten! 🌟

Musea i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kva skjer når heimelaga, mettande mat møter friskt design på Norled-ferjene? Vi har testa det ut saman med Bordgleder 🥗 ...
17/07/2025

Kva skjer når heimelaga, mettande mat møter friskt design på Norled-ferjene? Vi har testa det ut saman med Bordgleder 🥗 🍽️

Vi har utvikla etikettane som set eit visuelt preg på nye, sunne matopplevingar til sjøs. Ta ein titt i karusellen og sjå korleis sunn mat kan sjå ut når smak møter design!

Har du sett desse folderane på Elvetorget? 👀Vi har designa og levert dei nye informasjonsfolderane du finn på senteret –...
03/07/2025

Har du sett desse folderane på Elvetorget? 👀

Vi har designa og levert dei nye informasjonsfolderane du finn på senteret – med mål om å gjere informasjonen meir tilgjengeleg og brukarvennleg for besøkande 🛍

Folderen gir oversikt over butikkar, opningstider og praktiske detaljar – i eit format som er lett å finne fram i.

Takk for tilliten, Elvetorget 🌟

Treng du ein trykksak som både ser bra ut og gjer jobben?
Send oss ein DM eller via vookal.no 📩

Kva gjer du når merkevara ikkje lenger speglar kven du er – men du vil behalde logoen? 🤔Det var utfordringa då vi fekk o...
30/06/2025

Kva gjer du når merkevara ikkje lenger speglar kven du er – men du vil behalde logoen? 🤔

Det var utfordringa då vi fekk oppdraget med å rebrande Norwell. Målet var å fornye og styrke merkevara – utan å rive ned det som allereie var bygd. Gjennom ein strategisk designprosess utvikla vi ein heilskapleg visuell profil og eit fleksibelt designsystem som gir Norwell eit oppdatert og samlande uttrykk på tvers av både digitale og analoge flater.

Resultatet? Ei merkevare som skil seg ut, med ei visuell ramme som er både framtidsretta og forankra. Leveransane inkluderer nettside, visittkort, SOME-mal, messeveggar – og ein ny bildebank med autentiske motiv frå kvardagen hos Norwell, skapt gjennom ansattportrett og frå slakteriet.

Takk for tilliten og samarbeidet, 💙

På onsdag arrangerte vi, i samarbeid med Mediebruket, eit frokostseminar kor vi inviterte spennande bedrifter i Førde 🥐☕...
19/06/2025

På onsdag arrangerte vi, i samarbeid med Mediebruket, eit frokostseminar kor vi inviterte spennande bedrifter i Førde 🥐☕️

Vi testa ut den nye freshe kantina på Elvekanten og fikk god frokost servert av Erketunet Elvekanten🤩

Takk til alle som kom og hørte på oss tyte ein times tid på morgonkvisten 👋 Vi håpar de satt igjen med informasjon eller inspirasjon etter seminaret!

Adresse

Hafstadvegen 21
Førde
6800

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4795939999

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vookal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vookal:

Del

Vi løyser dine kommunikasjonsbehov.

Vi hjelper deg og di bedrift med alt ifrå visuell identitet til tekst og innhald, trykksaker, digital marknadsføring, arrangement, sosiale medier, reklamekampanjar, idéverkstad og webdesign. Saman finn vi den løysinga som passar for deg.

Rein Design er eit kommunikasjonsbyrå i vekst, lokalisert i Sunnfjord. Vi er eit sjarmerande byrå med mykje erfaring og ungdommelig preg. Teamet vårt består idag av dyktige, engasjerte og kreative folk med mykje glimt i auget.