Finurlig

Finurlig Skal du formidle noko? Vi hjelper deg med profesjonelle løysingar, rett innhald, og målretta distr

Finurlig er eit kommunikasjons- og designbyrå som set verdi­skaping for kunden først. Vi har mål­grupper, formidling og distribusjons­kanalar i bak­hovudet uansett kva uttrykks­former vi jobbar med. Om du ønskjer å få utarbeida ein logo, eit emballasje­produkt eller ei nettside er det alltid nokon du ønskjer å nå, og vi veit korleis du når dei.

Færre restriksjonar betyr at det er tid for messer igjen! Helle Knives har alt vist fram årets kolleksjon på messer, og ...
03/03/2022

Færre restriksjonar betyr at det er tid for messer igjen!

Helle Knives har alt vist fram årets kolleksjon på messer, og vi har laga digital produktkatalog og trykksaker som ein eigen messekatalog og følgjekort med kontaktinformasjon.

19/01/2022

På tide med årsmelding?

Sett opp oppsummeringa av fjoråret på ein lekker måte med hjelp av informativ grafikk og ein ryddig layout. Digital eller trykksak? Begge deler? Uansett, vi kan hjelpe deg!

https://finurlig.no/teneste/dokumentmalar/

23/12/2021

Vi i Finurlig ynskjer alle våre kundar, samarbeidspartnarar, støttespelarar, gode vener og kollegaer ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Mediehuset vi er ein del av heiter no Tell Media! Det har vore eit usedvanleg spanande og lærerikt første år for oss i s...
18/12/2021

Mediehuset vi er ein del av heiter no Tell Media! Det har vore eit usedvanleg spanande og lærerikt første år for oss i sameksistens med Ytre Sogn, og vi ser med glede fram til å bygge vidare på fundamentet vi no har lagt.

Avisføretaket Ytre Sogn har blitt til Tell Media.

I årets julemagasin frå Ytre Sogn har vi i Finurlig hatt det moro med å lage eit brettspel med mål om å komme seg heim t...
15/12/2021

I årets julemagasin frå Ytre Sogn har vi i Finurlig hatt det moro med å lage eit brettspel med mål om å komme seg heim til jul. Finn fram spelebrikker og legg ut på reise gjennom ytre Sogn! Treff du på følgjebilen gjennom tunellen, eller må du ta gamlevegen? Klarer du å stå over sydenstemning i badeland, eller finn du ein snarveg?

«Julestemning i ytre Sogn» finn du hos lokale utsalsstadar, i lokala til Ytre Sogn, eller ved å ta kontakt med Ytre Sogn.

Gaute Losnegård har publisert hundre år med eventyrleg skihistorie frå Straumsnes i Fjaler. Stas å få bidra med ein drøs...
08/12/2021

Gaute Losnegård har publisert hundre år med eventyrleg skihistorie frå Straumsnes i Fjaler. Stas å få bidra med ein drøss med produktfoto av eit århundre med ski!

26/11/2021

Det er så kjekt å jobbe tverrfagleg med mediehusprosjekt!

Laurdag hadde vi premiere på talkshowet «Snakkast» i Leirvik, og no er vi klare for eit nytt show i Høyanger denne helga. Vi i Finurlig ordnar med det visuelle og tekniske i talkshowproduksjonane, medan våre gode kollegaer i Ytre Sogn står for innhaldet.

Bli med som publikum på «Snakkast» i Høyanger i morgon då vel 👇
https://bit.ly/32nMMqB

Meir designkompetanse på laget! Grafisk designer Wenche Takle har erfaring frå mellom anna Firda, Findriv og Rein Design...
29/09/2021

Meir designkompetanse på laget!

Grafisk designer Wenche Takle har erfaring frå mellom anna Firda, Findriv og Rein Design, og styrkar no Finurlig med sin sprudlande kreativitet og solide fagkompetanse. Wenche vil primært jobbe med innhald for trykk, men vil og bidra på andre område i vårt vesle men ambisiøse design- og kommunikasjonsbyrå.

Tøff er ho og, der ho kjem durande frå Sande til Høyanger på motorsykkel, med handarbeidet sitt flaggrande fra sekken.

Vi ser fram til å sjå elsparkesyklane til Mates, som vil bli kledd i ein visuell profil levert av oss, rulle rundt i gat...
28/09/2021

Vi ser fram til å sjå elsparkesyklane til Mates, som vil bli kledd i ein visuell profil levert av oss, rulle rundt i gatene i Førde.

Til våren blir dei mykje omtalte elsparkesyklane å sjå på vegane i Førde.

Med ein produktiv workshop saman med kollegaane våre i Ytre Sogn på Larsgarden Tunhotell i går fekk fleire av mediehuspr...
22/09/2021

Med ein produktiv workshop saman med kollegaane våre i Ytre Sogn på Larsgarden Tunhotell i går fekk fleire av mediehusprosjekta våre denne hausten seg ein skikkelig pangstart. Takk til vert Janne Elin og kjøkkensjef Pernille for god service og nydeleg lunsj.

Adresse

Marcus Thranesgate 5
Høyanger
6993

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Finurlig legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Finurlig:

Del