Hetland Media

Hetland Media Hetland Media driv med medieproduksjon, grafisk design og marknadsføring.

Etter grundig vurdering har eg (Morten Hetland) valt å forlata Meta, og avslutta difor Facebook-sida til Hetland Media.G...
31/07/2025

Etter grundig vurdering har eg (Morten Hetland) valt å forlata Meta, og avslutta difor Facebook-sida til Hetland Media.

Grunnen er enkel: Meta har lenge vore elendige på personvern. Den siste dropen for meg blei då Meta bestemte seg for at meldingar og bilete frå Messenger og andre tenester kan brukast til å trena opp kunstig intelligens, og i neste runde bad brukarane om å anten betala for å bruka tenesta, eller akseptera at Meta kan halda fram med å selja personopplysningane våre. Dette er ein praksis eg ikkje vil stilla meg bak, verken som privatperson eller som hobby-næringsdrivande.

Men det finst alternativ!
Mitt Hjelmeland lever vidare i ei ny gruppe på Hudd, som er eit norskutvikla, ikkje-kommersielt sosialt medium som tek personvern på alvor og krev ekte brukarar som må godkjennast gjennom Vipps eller BankID. Innehavar Morten Hetland er sjølvsagt òg å finna der.

Velkomen til Hudd!

Hei, alle !
Meta sel personopplysningane våre, for å sikra eigen rikdom. Personvern handlar om tillit og tryggleik. Difor har Mitt Hjelmeland valt å flytta frå Facebook til Hudd.
I staden for å vera slavar av eit stort amerikansk selskap, som set sine eigne økonomiske interesser over grunnleggjande personvern, vil me invitera følgjarane våre over til Hudd, som er ei norsk, reklamefri og trygg plattform som liknar på Facebook. Vil du framleis få med deg når me deler små og store glimt frå Hjelmeland? Finn oss i den nye gruppa Mitt Hjelmeland på Hudd.

Me gratulerer vår samarbeidspartnar, Kobbasteinen Kulturgard, med podkasten «Samtalar på Kobbasteinen», og takkar for op...
29/06/2025

Me gratulerer vår samarbeidspartnar, Kobbasteinen Kulturgard, med podkasten «Samtalar på Kobbasteinen», og takkar for oppdraget!

Me lanserer ein splitter ny podkast! «Samtalar på Kobbasteinen» er podkast-versjonen av våre demokratisalongar. Du finn podkasten på Spotify, Apple Podkaster eller kobbasteinen.no/podkast.
I første episode snakkar Yama Wolasmal om flukten, familien og livet som krigsreporter, i samtale med Sven Egil Omdal.

Mitt Hjelmeland har lagt ut 30 nye artiklar sidan relanseringa for 4 ½ månad sidan. Donasjonane står diverre ikkje i sti...
16/04/2025

Mitt Hjelmeland har lagt ut 30 nye artiklar sidan relanseringa for 4 ½ månad sidan. Donasjonane står diverre ikkje i stil med arbeidstida som ligg bak. Dersom du set pris på lokale nyheiter, er det kjekt om du òg støttar arbeidet vårt.

Sidan relanseringa i november 2024, har me fått inn "donasjonar" tilsvarande ei timelønn på 110 kroner. Det er veldig kjekt om fleire set pris på lokale nyheiter, og har lyst til å vippsa éin eller fleire donasjonar.

Hetland Media har (igjen) prøvd å få gang på Mitt Hjelmeland som nettstad for lokalnytt og lokalguide. Kva tenker folk? ...
05/12/2024

Hetland Media har (igjen) prøvd å få gang på Mitt Hjelmeland som nettstad for lokalnytt og lokalguide. Kva tenker folk? Skal me halda på vidare, eller bør me overlata slikt til andre?
www.mitt-hjelmeland.no

Jøsneset har fått ny nettstad, og Hetland Media har fått lov til å hjelpa dei med jobben. Gratulerer!
05/08/2024

Jøsneset har fått ny nettstad, og Hetland Media har fått lov til å hjelpa dei med jobben. Gratulerer!

Og der gjekk startskotet for den nye nettsida vår !

Vil du kjøpa eit bilete frå flyfotoarkivet? Kanskje du nøyer deg med å lasta det ned i full oppløysing, eller kanskje du...
30/03/2024

Vil du kjøpa eit bilete frå flyfotoarkivet? Kanskje du nøyer deg med å lasta det ned i full oppløysing, eller kanskje du vil bestilla biletet ferdig montert og klart til å hengja opp på veggen?

Photo collection by Hetland Media

Flotte postkort frå Hetland Media er i sal hjå turistverten på Spinneriet.
31/07/2023

Flotte postkort frå Hetland Media er i sal hjå turistverten på Spinneriet.

Fortell om årets sommarminnar og gled nokon med eit hyggeleg postkort!

Det er alltid kjekt å finna ei sommarhelsing i postkassa. Og hos turistverten på Spinneriet finn du mellom anna desse postkorta som er laga av Hetland Media.

23/12/2022
Så kjekt det har vore å bli kjent med og fortelja om heilt vanlege familiar i Hjelmeland. Takk til alle familiane som ha...
01/09/2022

Så kjekt det har vore å bli kjent med og fortelja om heilt vanlege familiar i Hjelmeland. Takk til alle familiane som har stilt opp, og takk til Hjelmeland Naturlegvis for oppdraget!

Alt du trenger å vite om Hjelmeland, enten du er fastboende, fritidsboende eller besøkende. Her finner du bedriftsoversikt, næringsareal, opplevelser, attraksjoner, turforslag og mye mer.

Familien Schläwicke er ein kjekk gjeng. Her kan du lesa intervjuet som Morten har skrive om dei.
30/07/2022

Familien Schläwicke er ein kjekk gjeng. Her kan du lesa intervjuet som Morten har skrive om dei.

Alt du trenger å vite om Hjelmeland, enten du er fastboende, fritidsboende eller besøkende. Her finner du bedriftsoversikt, næringsareal, opplevelser, attraksjoner, turforslag og mye mer.

Adresse

Breidablikk 35
Hjelmeland
4130

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hetland Media legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hetland Media:

Del