Byrået Hugskot

Byrået Hugskot Byråtenester innan idéutvikling, grafisk design, marknadskommunikasjon og merkevarebygging Eg brenn for visuell utforming og kommunikasjon.

Rom for kreativitet:
Hugskot AS har sitt utspring frå arbeid med grafisk design og informasjon i ulike byrå og produksjonsbedrifter sidan 1999. Start med ein idé – eller eit hugskot, om du vil.

Måndag 2. mars finn du Hugskot i nye lokale - framleis i Norheimsund sentrum.Adressa er Sandvenvegen 23, med inngang på ...
26/02/2026

Måndag 2. mars finn du Hugskot i nye lokale - framleis i Norheimsund sentrum.
Adressa er Sandvenvegen 23, med inngang på hjørnet mot gata.
Vonar du blir med på flyttelasset 😀
– Stikk gjerne innom!

KORTREIST SAMARBEIDFrå kontoret i nabobygget har eg sett Kvam vidaregåande skule og kulturhus reise seg. I løpet av haus...
06/02/2026

KORTREIST SAMARBEID
Frå kontoret i nabobygget har eg sett Kvam vidaregåande skule og kulturhus reise seg.
I løpet av hausten 2025 leverte Hugskot glasmerking i byggetrinn 2, som andre del av totaloppdraget for Veidekke Entreprenør AS.
Det nye skulebygget er offisielt opna med mellom anna bibliotek og kino som publikumsområde.
Oppdraget omfattar utforming i samsvar med grafisk profil og dekor på glasflater der det kan vere fare for samanstøyt.
Ein stor del av oppgåva krev god oversikt, planlegging og system. Samla gir dette Hugskot nyttig kunnskap på vegen vidare.
Samarbeidet vart ei god oppleving med ein tydeleg og imøtekomande oppdragsgjevar, erfarne leverandørar og ein fleksibel montør.
TAKK for tilliten og samarbeidet! 🤝

MEININGSFULLE MØTEJobbåret 2025 vart innhaldsrikt frå start til slutt.I samband med Norsk Bioenergiforening (Nobio) sitt...
30/01/2026

MEININGSFULLE MØTE
Jobbåret 2025 vart innhaldsrikt frå start til slutt.
I samband med Norsk Bioenergiforening (Nobio) sitt årsmøte, jubileum og årlege arrangement leverte Hugskot mellom anna rollup, gåveartikkel, presentasjonsmalar og deltakarkort.
Kunden ville samtidig fornye seg grafisk og oppdatere logo. Me kom saman fram til eit uttrykk og ein fargepalett for framtida – og Hugskot fekk gleda av å bli kjend med to nye ansikt, Katharina og Mats. ‍🙂

ÅRETS SOMMARPALETT fann eg ein varm julidag under leveranse av reklamemateriell til Kjøkkenhagen på Rykkje. Høgt oppe me...
25/07/2025

ÅRETS SOMMARPALETT fann eg ein varm julidag under leveranse av reklamemateriell til Kjøkkenhagen på Rykkje. Høgt oppe med utsikt til fjorden, finst ein av mange vakre arbeidsplassar hjå Hugskot sine kundar.
Dette halvåret ser eg også tilbake på givande oppdrag med marknadsføring for dei flotte tettstadane våre. Museum, butikkar, hotell, restaurantar, lokalmatprodusentar og dei som legg til rette for aktivitetar, treng alle besøkjande for å overleve.
Eg vonar denne sommaren har gitt påfyll og gode resultat for fleire.

Nokre stunder går tida fortare enn lynet. Slik vart det for februar med tjueåtte dagar dette året. Då er det fint å ha e...
28/02/2025

Nokre stunder går tida fortare enn lynet.
Slik vart det for februar med tjueåtte dagar dette året.
Då er det fint å ha eit stilleben på kontoret, som set tida inn i eit større bilete.
Her er det både gammalt og nytt, tradisjonar og nye tankar. Inspirasjon for dei dagane augene stirrar i skjermen. 😶
God fredag, og velkomen mars. 🌱

*Stilleben: objekt sett saman til ein komposisjon

Skulekvardagen i den nye Kvam vidaregåande skule i Norheimsund har nett starta.Spente elevar møter lyse klasserom og gan...
14/02/2025

Skulekvardagen i den nye Kvam vidaregåande skule i Norheimsund har nett starta.
Spente elevar møter lyse klasserom og gangareal med glasdører og vindu som del av arkitekturen. Her er det krav om merking av glasfelt i inngangsparti og kommunikasjonsvegar for å unngå samanstøyt, og Hugskot har levert dekorfelt i tråd med Vestland fylkeskommune sin grafiske profil.
Den nye skulen ligg såvidt eit steinkast unna Hugskot, så leveransen kan på fleire måtar kallast kortreist.🏃‍♀️ Gratulerer med første byggetrinn! 🎉

EIN FRISK MORGON I VINTERLYS gjorde godt for arbeidsdagen i splitter nye 2025. ✨Stiller du med blanke ark ved årsskiftet...
15/01/2025

EIN FRISK MORGON I VINTERLYS gjorde godt for arbeidsdagen i splitter nye 2025. ✨
Stiller du med blanke ark ved årsskiftet, eller har du allereie skissert nokre tankar om morgondagen?
Nokre kundar har henta trykt materiell til verving av medlemer eller for nye arrangement. Andre får i desse dagar utført merking og dekor på arbeidsplassen.
Er høgsesongen for di bedrift litt seinare på året, kan nettopp januar vere ei god tid for planlegging.
Ta kontakt med Hugskot for grafisk utforming og produksjon om du har noko du vil fortelje, e-post: [email protected]

Rett før ferien fekk Hugskot vitjing av ei strålande dame ☀️ som intervjua meg om kvardagen med eige firma. Kva me snakk...
13/08/2024

Rett før ferien fekk Hugskot vitjing av ei strålande dame ☀️ som intervjua meg om kvardagen med eige firma. Kva me snakka om, kan du lese hjå Etablerersenteret, ein stad for inspirasjon, kunnskap og utveksling av erfaringar.✨

Gode grunnar til å ete kake igjen, og sjølvsagt er DU invitert. 🎉FREDAG 15. MARS, mellom kl 10 og 14, blir det ein pause...
14/03/2024

Gode grunnar til å ete kake igjen, og sjølvsagt er DU invitert. 🎉
FREDAG 15. MARS, mellom kl 10 og 14, blir det ein pause for kaffimat og småpreik med deg som tek turen innom Grovabrotet 8, Norheimsund. VELKOMEN!

Rykande ferske medlemskort er levert til konsertarrangøren Lydia – rett frå kontoret i Grova, Norheimsund.Me produserer ...
28/02/2024

Rykande ferske medlemskort er levert til konsertarrangøren Lydia – rett frå kontoret i Grova, Norheimsund.
Me produserer trykksaker for liten og stor, frå etikettar til storformat plakat.
Ta turen innom for å sjå prøver, så finn me eit format som passar ditt behov.

Visste du at Hugskot kan levere alt frå logoutvikling til ferdig produkt?Hardanger Merkantile og Hardanger Fishfarm fekk...
23/02/2024

Visste du at Hugskot kan levere alt frå logoutvikling til ferdig produkt?

Hardanger Merkantile og Hardanger Fishfarm fekk samtidig med logo- og visittkortdesign, utvikla profilelement for bruk til skilt, dekor, nettside og presentasjonsmateriell.
Fargevalet har kunden fått påverke etter eigne preferansar og ønske.

Blir du usikker når du får spørsmål om filformat?Logo i vektorformat. Bilete utan bakgrunn. Trykk-kvalitet. God oppløysi...
22/02/2024

Blir du usikker når du får spørsmål om filformat?

Logo i vektorformat. Bilete utan bakgrunn. Trykk-kvalitet. God oppløysing.
Dette er typiske eksempel frå den grafiske verda og når du lagar marknadsføringmateriell.
Om regla med krav gjer deg ør i hovudet, finst det råd.
Ta kontakt med Hugskot for utforming eller tilrettelegging av filene dine, så kan du levere som ein proff neste gong.

Adresse

Sandvenvegen 23
Norheimsund
5600

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4795046286

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Byrået Hugskot legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Byrået Hugskot:

Del