PREG barnehager Blomvåg

PREG barnehager Blomvåg Sammen om å sette verdifulle spor 👣

Ein kjekk ettermiddag då FAU i Toftøy og FAU i Blomvåg saman arrangerte barnehagestafett i 24 minutt i regi av Kreftfore...
27/05/2026

Ein kjekk ettermiddag då FAU i Toftøy og FAU i Blomvåg saman arrangerte barnehagestafett i 24 minutt i regi av Kreftforeningen sin «Stafett for livet» 🌸🎗️

Dette vart ei fin oppvarming til neste helg, når vi skal delta på Stafett for livet saman 💛
Små og store sprang, heia og skapte fellesskap rundt ei viktig sak.

Vi avslutta den flotte ettermiddagen med kveldsmat i barnehagen 🥰

I samarbeid med SU ønskjer vi å gjere leikeplassen endå litt kjekkare etter stengetid 🌸Difor let vi lekekassa stå open f...
13/05/2026

I samarbeid med SU ønskjer vi å gjere leikeplassen endå litt kjekkare etter stengetid 🌸
Difor let vi lekekassa stå open for barn og familiar som vil ta seg ein ekstra leikestund saman ☀️
Bruk tida godt saman med barna, leik, kos dåke og skap fine minner ❤️
Vi håpar alle vil hjelpe til med å rydde etter seg og forlate leikeplassen slik ein sjølv ønskjer å finne den.
God leik og riktig god langhelg til store og små 🌼

FOR eit resultat! 💛Me sit igjen med ei enorm takksemd – og eit heilt fantastisk resultat:👉 Over 200.000 kroner samla inn...
30/04/2026

FOR eit resultat! 💛

Me sit igjen med ei enorm takksemd – og eit heilt fantastisk resultat:
👉 Over 200.000 kroner samla inn til UngGlobal og barn i Peru!

To dagar med folkefest, latter, innsats og fellesskap – og det hadde aldri vore mogleg utan dåke!

Tusen takk til alle som:
🌟 kom innom
🌟 kjøpte mat og lodd
🌟 bidrog med premiar
🌟 heia på barna under misjonsløpet

Og ikkje minst – takk til det fantastiske personalet vårt som gir det lille ekstra, igjen og igjen 💛

Dette er verkeleg noko me kjem til å leve lenge på!

Saman om å setje verdifulle spor 🌿

🎉 NYE opningstider i Preg Blomvåg! 🎉🌸Frå 12. august 2026 endrar vi opningstida vår til 06:45–16:45.🌸Vi veit at mange fam...
22/04/2026

🎉 NYE opningstider i Preg Blomvåg! 🎉

🌸Frå 12. august 2026 endrar vi opningstida vår til 06:45–16:45.🌸

Vi veit at mange familiar startar arbeidsdagen tidleg, og håpar at litt ekstra tid om morgonen kan gi ein rolegare og mindre hektisk start på dagen

Me er glade for å kunne gjere kvardagen litt enklare for små og store – og håpar familiane vår kan ha glede av dette.

Velkomen til Preg Blomvåg 🌱

Her kjem oversikta over dei heldige vinnarane av loddsalet 🎉Tusen takk til alle som kjøpte lodd og var med og støtta pro...
17/04/2026

Her kjem oversikta over dei heldige vinnarane av loddsalet 🎉

Tusen takk til alle som kjøpte lodd og var med og støtta prosjektet vårt i Peru. Kvar einaste loddbok, kvart lodd og kvar krone betyr mykje – og saman fekk me til noko heilt fantastisk!

Gratulerer så mykje til alle vinnarane 👏 Vinnarane vert kontakta fortløpande.

På Tednebakkane til glede for både små og store. Det var fint å få synge, lage pynt og vere saman. Nokre fekk også møte ...
27/03/2026

På Tednebakkane til glede for både små og store. Det var fint å få synge, lage pynt og vere saman. Nokre fekk også møte oldeforeldre, til stor glede for både små og store hjarte. Slike stunder skaper verdifulle spor. God påske til alle saman!

✨ 93,9 % svarprosent – det er heilt magisk! ✨Tusen takk for at de har teke dykk tid til å svare på brukarundersøkinga 🙏V...
03/03/2026

✨ 93,9 % svarprosent – det er heilt magisk! ✨

Tusen takk for at de har teke dykk tid til å svare på brukarundersøkinga 🙏

Vi er så stolte og takksame for dei gode tilbakemeldingane vi har fått. Det betyr mykje for oss som kvar dag får lov til å gjere det vi meiner er verdas viktigaste jobb 💛

Samtidig gir undersøkinga oss verdifulle innspel på kva vi kan utvikle vidare. Vi ønskjer alltid å bli betre – og saman med dykk skal vi halde fram med å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for barna hos oss.

Tusen takk for tilliten! 🌿

💛 Ledige barnehageplassar – velkomen til oss i Blomvåg! 💛Vi har gleda av å kunne tilby fleire barnehageplassar hos oss, ...
28/01/2026

💛 Ledige barnehageplassar – velkomen til oss i Blomvåg! 💛

Vi har gleda av å kunne tilby fleire barnehageplassar hos oss, og ønsker gjerne nye familiar velkomne 🌿
Hos oss legg vi vekt på tryggleik, gode relasjonar, leik og fellesskap – og på kvardagar der barna blir sett og verdsette, kvar einaste dag.

Nestekjærleik, likeverd og meistring er kjerneverdiane våre. Vi ønskjer å skape ein barnehage der alle barn kjenner seg trygge, opplever å høyre til – og der alle skal ha ein venn 💛

Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, og vi brukar nærmiljøet aktivt i kvardagen. Uteleikeområdet vårt er ei lita perle, med god plass til leik, utforsking og eigen skog som gir rom for både ro, fantasi og mestring 🍃🌲
Hos oss møter barna trygge og tilgjengelege vaksne som er oppriktig opptekne av kvart enkelt barn og ønskjer å gi dei ein god og trygg kvardag.

Vurderer de barnehageplass, er de hjarteleg velkomne til å ta kontakt for ein prat eller avtale besøk. Vi viser gjerne fram barnehagen og fortel meir om kvardagen vår 🌼

📌 Søknadsfrist for hovudopptaket er 01. mars
🖥️ Det blir søkt elektronisk via kommunen sine nettsider.

For å ha rett på barnehageplass ved hovudopptaket, må du søkje innan 1. mars, og barnet må vere fylt eitt år innan 30. november det året det vert søkt om plass frå. Om du søkjer etter 1. mars eller barnet fyller 1 år etter 30. november, vert du sett på venteliste og får tildelt plass n....

Adresse

Høgeseta 1
Rong
5337

Åpningstider

Mandag 07:00 - 17:00
Tirsdag 07:00 - 17:00
Onsdag 07:00 - 17:00
Torsdag 07:00 - 17:00
Fredag 07:00 - 17:00

Telefon

+4795493601

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når PREG barnehager Blomvåg legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til PREG barnehager Blomvåg:

Snarveier

Del