21/02/2026
News Flash: Me e har god fart inn i 2026. Det er flott å avslutta ei travel veke med å offentleggjera at Profilera og Bømlo Profil As har samla styrkar i eit strategisk samarbeid.
To sterke men lettbeinte aktørar har funne tonen (og fonten), og saman står me fjellstøtt og godt rusta til å setja tydelege spor i ditt lokalmiljø. Me kombinerer godt humør og lokal kjennskap med moderne produksjonskraft – ein aldri så liten superduo innan skilt, bildekor, arbeidsklær og alt anna du kan finna på å setja namn, logo eller slagord på.
Har du til eksempel:
- Ein vegg som treng personleg preg?
- Ein sliten kjøkkenbenk som treng fornying.
- Ei båtinnredning som treng å moderniserast.
- Eit kjøkken eller bad som sårt treng litt forandring.
- Ein bil som sutrar litt og føler seg anonym?
- Eller eit anna prosjekt som ropar etter litt ekstra wow-effekt?
I vår folieverden er moglegheitane større ein dei fleste er klar over.
🫡Me er klare for å profilera heile Sunnhordland (Haugalandet er ikkje så longt vekke det heller😊)– frå små klistremerker til såpass store fasadeskilt at dei nesten treng eige postnummer.
No gler me oss til å gje viare gass i 2026 med nye moglegheitar, spanande prosjekt og eit fruktbart samarbeid som løftar begge selskap viare (og kanskje nokre skilt litt høgare enn før 😉).
Ynskjer alle ei fortsatt strålande god helg!
foto: